Historie

På 1078 moh ligg Tyinvatnet

Eit gigantisk hjarta som strekkjer vassprengde årer

heilt inn i den sørvestlege delen av Jotunheimen
Ut av Tyin renn mektige Tya

I voldsomme sprang
kastar elva seg ut 1000 meter høge fjellsider
før ho kollapsar i Årdalsvatnet.

 

Midt på 1900-talet er det slutt
Frådande vassmengder er knebla og temd
Kjærteikna i eit klamt grep av iskaldt stål.

 

Røyrgata endrar Tya
Endrar Årdal.

 

Tya vert hjarta i den tunge industrikroppen som taktfast reiser seg
Sjela i den trygge duren frå transformatorane

 

Tya vert 1430 krystallklåre grader Silisium og tonn på tonn med Aluminium
Tya vert Høgspent og Elektrisk

 

Drivkrafta i krinslaupet

 

No endrar TYA seg på ny
TYA vert Bryggeri

 

Årdal sitt bryggeri.

 

TYA Bryggeri – Handverksøl frå hjarta av Jotunheimen