031215_9339_komheimatt043
Lokale

Tya Bryggeri, med sin fantastiske plassering i sentrum av Øvre Årdal, er ein unik møteplass. Der har ein høve til å studere bryggeprosessen frå gateplan eller medan ein nyt det nybrygga ølet inne i Tya bar. Tya tilbyr omvising og smakskveldar for både firma og grupper av privatpersonar. Bryggeriet bryggar eit godt utval standardøl for butikksal, samt spesialøl etter årstider og høve. Serveringsstaden er ein perfekt arena for nye og spanande øltypar, som kun er å finne der i ein avgrensa periode.

 

I Tya bryggeri skal alle skal føle seg velkomne og bryggeriet skal vere noko årdøler kan vere stolte av.