031215_9400_komheimatt047
Om oss

Eventyret Tya Bryggeri vart klekka ut på ein biltur til Oslo. Dei to barndomsvenene og då arbeidskollegaene,Tom Hellebø og Arnt Erik Henjum, hadde 5 timar framfor seg til eit møte i Oslo.

 

Ettersom begge var medlemmar i same bryggarlag og delte ei årelang interesserte for ølbrygging, dreia praten om øl og heimebrygging sakte men sikkert over på  tanken om at kanskje ein kunne utvikle hobbyen til noko meir.

 

Kanskje kunne ein starte sitt eige mikrobryggeri, og lage eit øl og konsept rundt ølet som var godt nok til at andre ville kjøpe det?

 

Kort tid etter var Storevegen 16-18 til sals, og Tya Bryggeri vart ein realitet.

Menneska bak

Tya bryggeri er grunnlagt, starta og drifta av Arnt Erik Henjum  og  Tom Hellebø.

 

Saman har dei delt ei årelang  interesse for handverksøl , og saman starta dei forsøka med å gjenskape desse spanande smakane heime på kjøkenet . Heimebrygginga vart ein lidenskap som mange år seinare utvikla seg til å verte Årdal sitt fyrste bryggeri  – Tya Bryggeri.

 

Med bakgrunn frå prosjektering, salg og innkjøp var det naturleg at Arnt Erik stod for største delen av planlegging og innkjøp av bryggeutstyr,  medan Tom la vekt på utviklinga av bryggeriet sitt konsept og korleis dei skulle profilere og marknadsføre seg.

 

Når verdskjente Mark Wilkinson så takka ja til å vere med som etikettdesigner, var grunnlaget lagt.

 

Aksjonærane, som er tidlegare medlemmar frå det lokale bryggarlaget, har vore uunværlege både med tanke på ferdigstilling av lokale og montering av bryggeriutstyr. I tida fram mot 2016, vil bryggeriet vere utan fast ansette, men kun verte drive på dugnad av dei same grunnleggjarane  og aksjonærane.