TYA Beers 3D
VÅRE ØLTYPAR
HULDRA

Huldre finn ein overalt. Med sitt
forførande blikk blendar dei sindige
mannfolk og trekkjer dei med seg
ned i underverda. Ein bør halde
seg inne med huldrefolket dersom
ein ikkje klarar å halde seg borte…

 

Smilet smyg uvissa frå den vitande
Vrengjer draumar – gjer dei sanne
Ljos og mild – ei midtsommarsnatt
Jenta du fekk, men aldri skulle hatt

 

Huldra er blond, forførande og farleg
Den er humla med klassiske humletypar
Som syt for låg bitterhet og nøytral
ettersmak Ei nydeleg sumarøl!

huldra
TIND

Den majestetiske Falketing på
2067 moh er ein av Jotunheimen
sine vakraste og villaste tindar
Saman tvingar dei regntunge skyer
høgare opp og byrjar vatnet sitt
fantastiske krinslaup. Huldra tek
deg gjerne med til topps…

 

Jenta si blendande prakt lokkar
Dreg ei mørk sky over blygselen
Han tek handa og smakar på kjensla
Berre Tinden veks inn i Himmelen

 

Tind er ein Weissbier
Som iskaldt brevatn presenterar den seg
uklår og frosta, frisk og sprudlande
Ettersmaken er fruktig og lett

tind
FALL

Etter turen til topps, ventar det bratte Fall
275 frittfallande meter stuper Vettisfossen
nådelaust ned i det mørke gjel. Frådande,
uforutsigbare vassmengder i dramatisk dans
Huldreleiken endar også ofte slik…

 

Famlande stup frå solspegla tind
grådig sluker gjelet fallet og nøgd
let han seg drukna. Vilkårslaus
kjærleik gjer blind

 

Fall er vår session IPA
Relativt bitter, med ein solid humlearoma.
Passar perfekt til mat med mykje smak,
men klarar seg godt åleine

fall
INDUSTRI

Til rallarar, sluskar og arbeidarar
Som ofra sjel og helse for bygd og framtid
Industri er ein hyllest til dei som lukkast
Og dei som enda der
– fastlenka i huldreriket

 

 

Sleggje og spett i skoddelagte hallar
smertefull støy og metallsprut. Han
kjevlar lovnaden i tunne flak, går
inn men kjem ikkje ut

 

Industri er ein tradisjonell stout.
Svart som sot og huldra si sjel.
Fyldig, med smak av kaffi og mørk sjokolade.
Passar perfekt til tippekampen.

industri
FJORD

Sognefjorden er verdas flottaste fjord
Og i enden av fjorden finn ein Årdal
Solnedgang, fossefall og stupbratte fjell
Alle endar i fjorden
før det byrjar på nytt

 

 

Varsamt favnar fjorden elva
Krys i land og søkjer ly, ser seg kring
og trekkjer anden før ho vaknar opp
på ny

 

Fjord er vår American Wheat Beer
Middels bitter med fruktig aromahumle
Ei øl som er enkel å like
og som passar til alt

fjord