Tya BryggeriMed sin fantastiske plassering i sentrum av Øvre Årdal, er Tya Bryggeri ein unik møteplass.
Serveringsstaden er ein perfekt arena for nye og spennande øltypar. Tya bryggeri har brygga over 25 forskjellige typar øl, og antalet aukar stadig. Bryggeriet bryggar eit utval øl for butikksal og til Vinmonopolet. |
TyaøletTyaølet er handverksøl laga av nøye utvalgte råvarer,
tilsett verdas beste vatn. Grunnvatnet i Årdal er kåra til Norges beste drikkevatn, og passar utmerka til brygging av øl. Tya Bryggeri sine svarte flasker er lette å kjenne igjen i sin blanke, ugjennomsiktige utførelse. Ikkje berre ser dei fantastiske ut, men fargen stengjer også lyset ute og hindrar det i å forringe ølet. - Godt øl gjennom godt handverk - |
Vår designerDei unike etikettane til Tya Bryggeri er laga i
samarbeid med verdskjente Mark Wilkinson. Mark har heile livet jobba tett med store artistar som Marillion, Fish, Iron Maiden og Judas Priest, for å nemne nokon. Tya Bryggeri er svært stolte over resultatet. Nyt gjerne kunsten til Mark på heimesida hans: http://www.the-masque.com |
Mennene bakIdéen om å starte bryggeri kom nokså uskyldig opp under ein laus prat då dei to gründerne, Arnt Erik Henjum og Tom Hellebø, pendla mellom Oslo og Årdal. Dei hadde då brygga noko øl allereie, og dei hadde brygga tre år før dei til slutt bestemte seg for å satse, og med det byggje opp Årdals fyrste handverksbryggeri.
|
På 1078 moh ligg Tyinvatnet
Eit gigantisk hjarta som strekkjer vassprengde årer heilt inn i den sørvestlege delen av Jotunheimen
Ut av Tyin renn mektige Tya
I voldsomme sprang kastar elva seg ut 1000 meter høge fjellsider før ho kollapsar i Årdalsvatnet.
Midt på 1900-talet er det slutt
Frådande vassmengder er knebla og temd
Kjærteikna i eit klamt grep av iskaldt stål.
Røyrgata endrar Tya
Endrar Årdal.
Tya vert hjarta i den tunge industrikroppen som taktfast reiser seg
Sjela i den trygge duren frå transformatorane
Tya vert 1430 krystallklåre grader Silisium og tonn på tonn med Aluminium
Tya vert Høgspent og Elektrisk
Drivkrafta i krinslaupet
No endrar TYA seg på ny
TYA vert Bryggeri
Årdal sitt bryggeri.
TYA Bryggeri – Handverksøl frå hjarta av Jotunheimen